Sogestrenger med Sara og Sigurd

23.02.2017

Haust 2015

Hardingfeleslåttar har ofte interessante soger knytt til seg som gjev innblikk i ei løynd og mystisk verd med tussar, gygrer, forsteining  og bergtaking. Her er spenning, humor, dramatikk, sorg og glede. Desse mystiske og spennande sogene handlar om folk frå heilt andre tider enn den me lever i no; tida stoppar opp og ein trår inn i ei anna verd. Sogene fargar også slåttane og gjev tilhøyraren ei rikare oppleving av musikken.


Sigurd Telnes er kjend som ein svært god formidlar av sogestoff frå Seljord, og har heile sitt vaksne liv vore interessert i sogematerialet frå heimstaden. Sara Fjågesund Aase er barnebarnet til Sigurd Telnes. Ho er A-klasse-utøvar på hardingfele, og formidlar hardingfelespelet frå Seljord og Vest-Telemark. Saman gjev dei no ut CD-en Sogestrenger med soger og slåttar frå Seljord.
Telemark folkemusikksenter tilbyr ein konsert med desse to hausten 2015.