Mattis Kleppen og Ottar Kåsa

Mattis Kleppen og Ottar Kåsa på opingskonserten for Telemarkfestivalen 2016 Foto: Knut Utler

29.08.2018

Vår 2017

Telemark folkemusikksenter sender bassisten Mattis Kleppen og meisterspelemann Ottar Kåsa på turnè i Telemark. Kleppen og Kåsa har eit unikt samspel der hardingfele møter akustisk bass til eit spennande og tidlaust uttrykk med slåttemateriale frå Telemark som grunnlaget for det musikalske samarbeidet.

Konsert-stader:

  • 24.02.17: Akkerhaugen stasjon
    (Arr: Akkerhaugen Rocksamfunn)
  • 09.03.17: Fyresdal skule
    (Arr: Fyresdal kommune)
  • 11.03.17: Bø hotell
    (Arr: Spelemannslaget Bøheringen)
  • 12.03.17: Eidsborg
    (Arr: Vest-Telemark museum)
  • 19.04.07: Årestoga Raulandsakademiet
    (Arr: Raulandsakademiet)

Ottar Kåsa (1983) er spelemann og instrumentmakar busett i Bø. I tillegg til å ha gått i lære hjå mange spelemenn i regionen har han tatt høgre utdanning ved Høgskulen i Telemark og ved Ole Bull akademiet. Han har vunne landskappleiken heile fire gonger (2011, 2012, 2015, 2016). Han har og vunne mange lokale og regionale kappleikar og har deltatt i mange ulike konstellasjonar og prosjekt opp gjennom åra. Mellom anna har han samarbeidd med Mattis Kleppen om tingingverket «Resjemheia» til Telemarkfestivalen i 2015. Han har gitt ut to soloplater - Ottar Kåsa og Kjoskrullen - som begge resulterte i Folkelarmprisen. For den fyrste CD’en fekk han òg Spelemannsprisen i 2012.

Mattis Kleppen (1968) er oppvaksen i Bø og har tatt utdanning som jazzmusikar (bass)  ved NTNU. Han har bak seg ein omfattande karriere både som soloutøvar og som medlem av ei heil rekke band. Han har deltatt i ei lang rekke CD-produksjonar, festivalar og turnear i inn- og utland. Han har i tillegg til å delta i teateroppsettingar og på skulekonsertturnear også produsert eigne tingingsverk.

I denne konserten vil dei i hovudsak presentere materiale frå tingingsverket «Resjemheia».
Tingingsverket vart skrive av Mattis Kleppen og framført i kvartett-format på Telemarkfestivalen i 2015, med mellom anna komponisten sjølv og Ottar Kåsa. Musikken speglar blandinga av slåttemusikk og blues som har stått sterkt i Midt-Telemark sidan 70-talet. Møtet mellom hardingfele, fuzzbass og doble basstrommer gir liv til denne blandinga av vare stemningar, utagerande eksplosjonar og mørke dystopier. Tingingsverket vart i 2016 utgjeve på plata «El Bokko» til strålande kritikkar. For denne turneen vert materiale frå tingingsverket og andre slåttar presentert i duoformat.