Glima

Foto: Anders K. Rue

29.08.2018

Trioen Glima framfører tradisjonell norsk folkemusikk i eigne arrangement, mest frå Telemark og Nordfjord. Musikarane nyttar hardingfele, bratsj og cello, eller to hardingfeler og cello, i tett samspel. Glima arrangerer slåttane på folkemusikkens eigne premiss, og resultatet kan gjerne kallast kammerfolkemusikk. Cello og bratsj ikkje berre akkompagnerar, men føljer hardingfela inn i stoffet. Repertoaret spenner frå drivande danseslåttar med rytmisk snert til vare visetonar i nennsomme arrangement.

Musikarane har solid forankring i den tradisjonelle folkemusikken, men let seg og inspirere av andre impulsar. Glima har spelt saman sidan 1997 og kom med sin første CD- GLIMA-,  i 2001. CD nummer to - TÅRÅN- blei nominera til Folkelarmprisen i 2009. CD nr.tre i trilogien –LJOSE-SIGNE- kom ut hausten 2016. Konsertserien hausten 2017 vil i hovudsak presentere musikk frå den siste utgjevinga, men vil og by på tidlegare og nyare stoff.

Glima har m.a. delteke på Telemarkfestivalen og Jorvik Viking Festival, York (UK), spelt i Paris og Joigny i Frankrike, og halde eigen konsert under festivalen ‘Tradition for tomorrow’ i Akureyri på Island i august 2014.  Elles har dei spelt både barnehagekonsertar, delteke på ulike musikalske arrangement med innslag og halde eigne kvelds¬konsertar, både i Telemark, der gruppa held til, og i andre delar av landet. Hausten 2012 heldt dei eigen konsert på Riksscena for folkemusikk og folkedans i Oslo.

Aktuelle datoar:
Oktober   (minus 20.-25.okt.)
November- veke 44 og 47
Desember – veke 50, 51, 52
 
Andre datoar kan også vere aktuelle etter avklaring med gruppa.
Kom gjerne med ønskje!
 
Pris:
5.000 kr inkl. reise. Dette er ein sterkt sobsidiert pris
 
Krav til lokale:
Ingen spesielle. Dei spelar gjerne i intime lokale, og har med alt av teknisk utstyr sjølve.
 
Tinging eller spørsmål:
Telemark folkemusikksenter v/ Kjell Stundal
Tlf: 90 12 75 13        e-post: telemark@musikk.no
 

Konsertane vert fordelt etter prinsippet «først til mølla» - dei fem første får



Torunn Raftevold Rue (1964) (hardingfele) er frå Hornindal i Nordfjord og er godt forankra i folkemusikktradisjonen derifrå. Ho er ein erfaren og mykje brukt soloutøvar på hardingfele. Ho er medlem av Honndalstausene og musikalsk leiar i spelemannslaget i Seljord folkemusikklag. Torunn spelar i klasse A både på hardingfele og vanleg fiolin og er mykje brukt som kappleiksdommar. Ho har også drive med hardingfele/fele-opplæring.

Ragnhild Knudsen (1958) (bratsj/hardingfele) har musikkutdanning frå konservatoriet i Bergen og hovudfag i musikkvitenskap frå Universitetet i Oslo. Som utøvar er ho aktiv i fleire samanhengar, bl.a. i spelemannslaget i Seljord folkemusikklag og spelar bratsj i Telemark strykekvartett, i tillegg til diverse solo-oppdrag. Ho er lektor ved folkemusikk¬studiet i Rauland, Høgskolen i Søraust-Noreg. Ho er også fiolin- og hardingfelelærar i Seljord kulturskule.

Helene Waage (1966) (cello/vokal/harpe) har musikkutdanning frå Norges musikkhøgskole og Universitetet i Oslo. Ho har i mange år arbeidd som frilansmusikar i ulike samanhengar, bl.a. Gjertruds Sigøynerorkester, som teatermusikar, med skulekonsertar, og som terapeutisk musikar i eldreomsorga. Ho har samarbeida med musikarar innan ulike sjangrar og har delteke i ei rekke ulike prosjekt, både som musikar og komponist, m.a. i tverrfaglege produksjonar med andre kunstuttrykk.  Helene har medverka på mange cd-utgjevingar.


Nettsidene til glima: http://www.glimatrio.com/
Følg Glima på Facebook.