Fivil

Fivil. Foto: Idun Emilie Lervik

Fivil Foto: Idun Emilie Lervik

27.06.2017

Haust 2016

Hausten 2016 planlegg Telemark folkemusikksenter ein turné med duoen Fivil. Duoen er samansett av kvedarane Kirsti Bakken Kristiansen og Ingebjørg Lognvik Reinholdt.

Aktuell tid: Frå september til medio desember. Det treng ikkje bli ein samanhengande turne, men kvar arrangør kan ønskje dato som vidare vert klarert med gruppa før endeleg avtale.
Område: Telemark og Agderfylka
Pris: Kr. 5.000,- inkl. reise og diett (prisen er subsidiert av Telemark folkemusikksenter)
Krav til lokale: Ingen spesielle. Dei opptrer gjerne akustisk i lokale som passar for det.
Tinging: Telemark folkemusikksenter
Tlf. 35 06 06 80 / 901 27 513
Kontaktperson: Kjell Stundal
E-post: telemark@musikk.no

Det vert lagt opp til 5-6 konsertar i serien. Prinsippet «først til mølla» vil gjelde.

 

Vokalgruppa Fivil, som består av kvedarane Ingebjørg Lognvik  Reinholdt og Kirsti Bakken Kristiansen, produserte hausten 2015 si første plate med same tittel. Fivil tyder myrull og gruppa tek utgangspunkt i den norske folkemusikken, som tradisjonelt har vorte framført solo. Gruppa Fivil har arrangert melodistoffet for to stemmer. Ved å leike med ulike melodivariantar og individualitet i samspel oppstår det spanande samklangar, noko som framhevar folkemusikken sitt preg, og gjer framføringa til ei ny og spennande oppleving. Melodistoffet vert hovedsakleg henta frå Telemark og Vestoppland.

Om musikarane:
Ingebjørg frå Seljord og Kirsti frå Gjøvik starta det musikalske samarbeidet på Norges Musikkhøgskule hausten 2010.  Begge to starta med å lære folkesongar alt då dei var små. Dei har sunge saman lenge og har utvikla eit stort repertoar som rommer alt frå barnesongar, hardingfeleslåttar (der jentene er ein streng kvar) til viser og religiøse folketonar.
Gruppa kan òg stille med julerepertoar i ein førjulskonsert.

Les meir om duoen på nettsidene til Fivil.

Du kan og høyre dei på Soundcloud eller besøke dei på Facebook.