Blåsang: Anne Gravir Klykken og Frøydis Grorud

23.02.2017

Vår 2016

Duoprosjektet Blåsang vart starta opp som eit masterprosjekt i tradisjonskunst ved Folkemusikk-akademiet på Rauland, og dei to siste åra har jentene arbeida med samspel, arrangering, fargelegging og improvisasjonar over gamle opptak gjort frå 1915 og fram til i dag. I hovudsak er kjeldene tradisjonsberarar frå Telemark og Buskerud. Med to melodiførande instrumentar tar Blåsang lyttarane med inn i stemningar og musikalske drag som vekker assosiasjonar til ei svunnen tid samstundes med at nyskapande element gjer grunnlag for vidare utforming av tradisjonsmusikken.

Konsertstader:

  • 28/1-16: Furuheim grendehus, Borgestad, kl. 19:30
  • 23/2-16: Vinjehuset kl. 18:00
  • 16/3-16: Bykle samfunnshus kl. 19:30
  • 20/3-16: Vest-Telemark museum, Eidsborg, kl. 12:00 Avlyst / utsett. Vegen stengt pga ras.
  • 29/3-16: Evju bygdetun, Sauherad, kl. 19:00

Hausten 2015 gav duoen ut debutplata deira «Blåsang» som inneheld deira tolkingar av utvalt tradisjonsmusikk frå Telemark og Buskerud:

  1. Sjung hjerte, sjung en Aftensang – Salmetone etter Tone Rinde frå Sauherad
  2. I mine kåte ungdomsdagar – Etter opptak med gruppa Tiriltunga. Tema i arrangement er «Gamal Halling» etter opptak av Herleik Stuvstad
  3. Gamle Guro – Springar etter opptak av Herleik Stuvstad frå Flesberg
  4. Eg gjekk meg ut ein aftenstund – Vers etter voksrullopptak av Kari Dale frå Seljordshei
  5. Hans Nybøes springdans – Trad. etter Hans Nybøe
  6. Solbønn – Trad. tekst og melodi etter opptak av Torhild Ostad
  7. Svein Trondson – Vers etter voksrullopptak av Margit Tveiten frå Grungedal
  8. Dagens auga sloknar ut – Religiøs folketone etter opptak med søstrene Hovde frå Tuddal. Tekst av Elias Blix
  9. Strandpols – Trad. melodi lært etter opptak av Olle Gällmo
  10. Op på di fjella – Vise frå Solum etter Halvor Persen Meltvedt
  11. Troldkjæringas bånsull – Trad. frå Telemark etter Catharinus Elling

Frøydis Grorud og Anne Gravir Klykken har spelt i lag i folkemusikk/jazztrioen Vintermåne sidan 1997. Begge har si utdanning frå Agder Musikkonservatorium og Høgskulen i Telemark avd. Rauland. Frøydis Grorud er for mange kjent frå Beat for Beat-orkesteret der ho har vore fast musikar sidan 1999. Ho er ein aktiv livemusikar og har spelt med ei rekkje av landets artistar, turnert over store deler av Noreg og Europa og har halde mange solokonsertar med eigne prosjekt. Anne Gravir Klykken har gjeve ut dei to soloalbuma Husk op i ring (2000) og Jeg har vel ingen kjærere (2013). I tillegg har ho gjeve ut fleire plater med Vintermåne og utgjevninger i samarbeid med Iver Kleive, Knut Buen og Bugge Wesseltoft. Anne spelar også i perkusjonstrioen Batagraf og i duo med perkusjonisten Helge Norbakken.


Telemark folkemusikksenter tilbyr ein konsertproduksjon med Blåsang våren 2016.
Aktuelle datoar:
Onsdag 27. januar
Torsdag 28. januar
Onsdag 3. februar (fortrinnsvis i Kr.sand-området)
Torsdag 4. februar (fortrinnsvis i Kr.sand-området)
Onsdag 16. mars
Torsdag 17. mars
Fredag 18. mars
Lørdag 19. mars

Pris: 5000 kr inkl. reise

Krav til lokale:  Ingen spesielle. Dei spelar gjerne i intime lokale, og har med alt av teknisk utstyr sjølve.

Tinging eller spørsmål:
Telemark folkemusikksenter v/Kristoffer Mosfjeld
48 20 50 66 / post@telemarkfestivalen.no