Kommande turnear


Avslutta turnear


Glima

Trioen Glima framfører tradisjonell norsk folkemusikk i eigne arrangement, mest frå Telemark og Nordfjord. Musikarane nyttar hardingfele, bratsj og cello, eller to hardingfeler og cello, i tett samspel. Glima arrangerer slåttane på folkemusikkens eigne premiss, og resultatet kan gjerne kallast kammerfolkemusikk. Cello og bratsj ikkje berre akkompagnerar, men føljer hardingfela inn i stoffet. Repertoaret spenner frå drivande danseslåttar med rytmisk snert til vare visetonar i nennsomme arrangement.

Glima- les heile saka

/share/mime/48/pdf.png Glima flygeblad
(glimah2017.pdf, 729kB)


Mattis Kleppen og Ottar Kåsa

Vår 2017

Telemark folkemusikksenter sender bassisten Mattis Kleppen og meisterspelemann Ottar Kåsa på turnè i Telemark. Kleppen og Kåsa har eit unikt samspel der hardingfele møter akustisk bass til eit spennande og tidlaust uttrykk med slåttemateriale frå Telemark som grunnlaget for det musikalske samarbeidet.

Konsert-stader:

  • 24.02.17: Akkerhaugen stasjon
    (Arr: Akkerhaugen Rocksamfunn)
  • 09.03.17: Fyresdal skule
    (Arr: Fyresdal kommune)
  • 11.03.17: Bø hotell
    (Arr: Spelemannslaget Bøheringen)
  • 12.03.17: Eidsborg
    (Arr: Vest-Telemark museum)
  • 19.04.07: Årestoga Raulandsakademiet
    (Arr: Raulandsakademiet)

Mattis Kleppen og Ottar Kåsa- les heile saka


Fivil

Haust 2016

Hausten 2016 planlegg Telemark folkemusikksenter ein turné med duoen Fivil. Duoen er samansett av kvedarane Kirsti Bakken Kristiansen og Ingebjørg Lognvik Reinholdt.

Aktuell tid: Frå september til medio desember. Det treng ikkje bli ein samanhengande turne, men kvar arrangør kan ønskje dato som vidare vert klarert med gruppa før endeleg avtale.
Område: Telemark og Agderfylka
Pris: Kr. 5.000,- inkl. reise og diett (prisen er subsidiert av Telemark folkemusikksenter)
Krav til lokale: Ingen spesielle. Dei opptrer gjerne akustisk i lokale som passar for det.
Tinging: Telemark folkemusikksenter
Tlf. 35 06 06 80 / 901 27 513
Kontaktperson: Kjell Stundal
E-post: telemark@musikk.no

Det vert lagt opp til 5-6 konsertar i serien. Prinsippet «først til mølla» vil gjelde.

 

/share/mime/48/pdf.png Fivil-turné
(fivilh2016.pdf, 360kB)

Blåsang: Anne Gravir Klykken og Frøydis Grorud

Vår 2016

Duoprosjektet Blåsang vart starta opp som eit masterprosjekt i tradisjonskunst ved Folkemusikk-akademiet på Rauland, og dei to siste åra har jentene arbeida med samspel, arrangering, fargelegging og improvisasjonar over gamle opptak gjort frå 1915 og fram til i dag. I hovudsak er kjeldene tradisjonsberarar frå Telemark og Buskerud. Med to melodiførande instrumentar tar Blåsang lyttarane med inn i stemningar og musikalske drag som vekker assosiasjonar til ei svunnen tid samstundes med at nyskapande element gjer grunnlag for vidare utforming av tradisjonsmusikken.

Konsertstader:

  • 28/1-16: Furuheim grendehus, Borgestad, kl. 19:30
  • 23/2-16: Vinjehuset kl. 18:00
  • 16/3-16: Bykle samfunnshus kl. 19:30
  • 20/3-16: Vest-Telemark museum, Eidsborg, kl. 12:00 Avlyst / utsett. Vegen stengt pga ras.
  • 29/3-16: Evju bygdetun, Sauherad, kl. 19:00

Blåsang: Anne Gravir Klykken og Frøydis Grorud- les heile saka

Sogestrenger med Sara og Sigurd

Haust 2015

Hardingfeleslåttar har ofte interessante soger knytt til seg som gjev innblikk i ei løynd og mystisk verd med tussar, gygrer, forsteining  og bergtaking. Her er spenning, humor, dramatikk, sorg og glede. Desse mystiske og spennande sogene handlar om folk frå heilt andre tider enn den me lever i no; tida stoppar opp og ein trår inn i ei anna verd. Sogene fargar også slåttane og gjev tilhøyraren ei rikare oppleving av musikken.

Greinir

Vår 2015

Per Anders Buen Garnås er ein av dei fremste hardingfelespelemennene  landet, med fleire sigrar på landskappleiken bak seg.  Nyleg gav han ut si tredje soloplate, ”Greinir”, og det spesielle med denne utgjevinga er at ho inneheld berre eigenkomponerte slåttar i tradisjonell stil. Telemark har eit stort tilfang av gode tradisjonelle slåttar, likevel er det verdfullt at det blir laga nytt. Utan fornying og nytt repertoar, vil tradisjonen stå i fare for å stivne – det gjeld her som innafor andre sjangrar. Derfor ønsker vi å gje dette litt ekstra merksemd nå ved å sende Per Anders ut på vegen våren 2015 med dette repertoaret. Han er velkjend og høgt akta i folkemusikkrinsar, men desse nylaga slåttane er ukjend materiale.

Konsertstader:

  • 25/4-15: FolkPub, Håndverkeren, Kristiansand ((Kristiansand spel- og dansarlag)
  • 13/5-15: Pizzafjoset, Bø (Bø dansarring)
  • 21/5-15: Evju Bygdetun, Sauherad
  • 23/6-15: Groven camping, Åmot (Vinje folkeakademi)