Fordjuping folkemusikk 2015/2016

28.02.2017

Telemark folkemusikksenter, Telemark folkemusikklag og Bø kulturskule tok på seg oppgava med å organisere eit tilbod skuleåret 2015-2016

Mål med opplæringa er å

  • gje motivert og talentfull ungdom systematisk opplæring innan folkemusikk og –dans-
  • stimulere ungdom til å utvikle eit godt fagleg samarbeid og sosialt fellesskap på tvers av kommunegrenser
  • gje unge utøvarar vidaregåande opplæring i spelteknikkar og samspel
  • bli kjent med tradisjonsmusikken/-dansen gjennom systematisk opplæring og utøving
  • få erfaring i framføringar på ulike arenaer og i ulike konsertformer
  • førebu ungdommar til høgre utdanning innan folkemusikk/-dans.

Opplegg
Den praktiske gjennomføringa vart tre laurdags-samlingar på hausten og fire samlingar i vårsemesteret. Bø kulturskule står som vertskap for laurdagsskulen og invitere alle kommunane i fylket til å melde inn personar til dei ulike disiplinane. Dei stiller og med lokale og ordnar med det som trengs av servering. I tillegg har Bø kulturskule stått for det faglege opplegget og den praktiske gjennomføringa i Gullbring. Eit skuleår vert avslutta med ein produksjon som vert vist på Telemarkfestivalen i juli/august kvart år og det vert tatt opp nye elevar i starten av kvart skuleår.
Deltakarane på kurset har vorte plukka ut i dialog mellom instruktørar i lag/organisasjonar og kulturskulane  i regionen.

Deltakarar og instruktørar
I 2016 har det vore i  gang to grupper på hardingfele, ei gruppe på munnharpe og ei gruppe i kveding.
Ei hardingfelegruppe for dei eldste består av tre elevar med Lars-Ingar Meyer Fjeld som lærar.
Fem andre hardingfele-elevar har  hatt Johanne Flottorp som hardingfelelærar.
Ingebjørg Lognvik Reinholdt har instruert fire elevar i Kveding og Anders Røine/ Simen Iversen har hatt to elevar på munnharpe.

Økonomi
Tiltaket har vorte realisert med økonomisk støtte frå KOMP og Rådet for folkemusikk og -dans (RFF), Frifond-kompetanse og Telemark fylkeskommune .  I tillegg er det gitt tilsagn om tilskot  gjennom Musikkens studieforbund (VO). Bø kulturskule har  stilt med gratis lokale, deltakarane har bidratt med ein eigendel og arrangørane har lagt ned ein betydeleg dugnadsinnsats for å få tiltaket i hamn.

Oppsummering skuleåret 2015/16
Deltakarane forpliktar seg for eit skuleår om gongen. Første skuleåret vart gjennomført med 7 samlingar og ein konsertdag på Telemarkfestivalen 20.august. Tilbakemeldinga frå både instruktørar og deltakarar er svært positive og mange deltakarar har hatt ei fin fagleg utvikling, noko deltaking på landskappleiken kan understreke. Dei fleste har også meldt seg på nytt kurs for neste skuleår.