Fordjuping folkemusikk

31.08.2018

Dette er eit kursopplegg for ungdom i regi av Telemark folkemusikksenter og Bø kulturskule. Det starta opp skuleåret 2015-2016, og har sidan blitt vidareført.

Mål med opplæringa er å
•    gje motivert og talentfull ungdom systematisk opplæring innan folkemusikk og -dans
•    stimulere ungdom til å utvikle eit godt fagleg samarbeid og sosialt fellesskap på tvers av kommunegrenser
•    gje unge utøvarar vidaregåande opplæring i spelteknikkar og samspel
•    bli kjent med tradisjonsmusikken/-dansen gjennom systematisk opplæring og utøving
•    få erfaring i framføringar på ulike arenaer og i ulike konsertformer
•    førebu ungdommar til høgre utdanning innan folkemusikk/-dans.

Opplegg
Kurset er lagt opp som laurdagssamlingar gjennom skuleåret, vanlegvis tre samlingar på hausten og fire i vårsemesteret. Bø kulturskule står som vertskap for laurdagsskulen og inviterer alle kommunane i fylket til å melde inn aktuelle deltakarar til dei ulike disiplinane. Deltakarane blir plukka ut i dialog mellom instruktørar i laga og kulturskulane, og det blir tatt opp nye elevar i starten av kvart skuleår. Bø kulturskule stiller med lokale og ordnar med det som trengs av servering. I tillegg står dei for det faglege opplegget og den praktiske gjennomføringa i Gullbring kulturanlegg. Eit skuleår vert avslutta med ein produksjon som blir vist på Telemarkfestivalen i august.

Deltakarar og instruktørar
Det har vore i gang to grupper på hardingfele, ei gruppe på munnharpe, ei gruppe i kveding og ei dansegruppe. Totalt 15-20 deltakarar har vore med kvart år. Instruktørar på hardingfele har vore Lars-Ingar Meyer Fjeld og Johanne Flottorp, Anders Røine og Simen Iversen har hatt ansvar for munnharpe-elevane, Ingebjørg Lognvik Reinholdt har instruert i kveding og Arnhild Brennesvik i dans.

Økonomi
Deltakarane betaler ein eigendel, og elles er tiltaket finansiert med tilskot frå mange bidragsytarar: KOMP, Rådet for folkemusikk og -dans, Frifond-kompetanse, Telemark fylkeskommune og Musikkens studieforbund.