Johanne Flottorp

Hardingfele

Som seksåring tok Johanne Flottorp fela fatt og reiste ned til spelemannen Salve Austenå i Åmli. Der fekk ho raskt lære eit lass med slåttar frå heimbygda og områda rundt. Sidan den gongen har Johanne interessert seg for desse slåttane. Tovdal i Åmli kommune, der Salve Austenå er frå, ligg midt imellom Setesdal og Telemark, og på den måten har Åmli blitt påverka av musikken frå begge områda. Opp igjennom åra har Johanne hatt mange ulike læremeistrar frå dei ulike tradisjonane rundt Åmli, og musikalsk er ho fleirspråkleg. I dag studerer Johanne folkemusikk ved Noregs musikkhøgskule. Utanom studiane er ho aktiv som solist og i fleire grupper, blant anna i Raabygg, der ho saman med Tuva Færden og Sigrid Kjetilsdotter Jore spelar gøymde musikkskattar frå Agder. I tillegg spelar Johanne i countrybanda The Northern Belle og Ruby Red & the Moonshine Brothers, og sjølv om det ikkje er så vanleg i sjangeren, er det alltid hardingfela som står i hovudsetet for henne.

Johanne har vore instruktør i fleire år på Ungfolk.

Lars-Ingar Meyer Fjeld

Hardingfele

Lars-Ingar Meyer Fjeld er A-klassing på hardingfele og har spesialisert seg i spelet fra Telemark. Han har lært mesteparten av slåttene sine av Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa og Christian Borlaug, men har og vært mye rundt å besøkt eldre spelemenn. Lars-ingar har opparbeidet seg et stort slåtterepertoar og har mange års erfaring med undervisning på hardingfele.


Ingebjørg Lognvik Reinholdt

Kveding

Ingebjørg Lognvik Reinholdt er ein kvedar frå Seljord i Telemark. Mens andre ungar høyrde på MTV, gjekk seks år gamle Ingebjørg opp til Ragnar Haugstøl og lærde seg gamle Seljordsviser. Sida den gong har ho kveda, sunge viser, vært med i teateroppsetningar, heldt konsertar og kurs, samt fordjupa seg i folketradisjonane. Ho er utdanna ved Høgskulen i Telemark og Norges Musikkhøgskole. Gjennom utdanning og oppvekst har ho opparbeida seg ein rik kunnskap om sangtradisjonane i Telemark. Ho fokuserar på breidde i repertoaret, personleg stil/utforming og formidling.

Ingebjørg er for tida aktuell med forestillinga ”Soga om Guro Heddeli” og kvedarduoen Fivil. 

Ingebjørg forelska seg tidlig i korleis folkemusikkens humoristiske, vakre og mørke skildringar fangar livet i all sin galskap. Både livet no og livet då, uløyseleg knyta saman.

Dette ynskjer ho å gje vidare.

Ingebjørg har vore instruktør i fleire år på Ungfolk.

Simen Iversen

Foto: Marta Kjøllesdal, Bø blad

Munnharpe

Simen Iversen har etter eit munnharpekurs for halvanna år sidan med Anders Røine ikkje vært adskilt fra harpa ein einaste dag! Han har sidan lært mykje fra Røine. I tillegg tar han årsstudium på folkemusikklinja ved Høgskulen i Sørøst-Norge, der han har fått lært av Ånon Egeland. Det siste året har han hatt fleirfoldige timer ved smia og smidd ei mengde harper, og har med dette tatt ett så bratt stup ned i munnharpeverden som det lar seg gjære. Han har og erfaring som instruktør fra tidlegare.


Anders Røine