Folkevisekor

23.02.2017

H 2015

Spelet blei framførd søndag 9. august 2015 på tunet på Evju Bygdetun. Rundt 200 hadde gleda av den flotte framsyninga i nydelg forsommarver. Folkemusikk/teater-forestillinga var ei verdig avslutning på årets Telemarkfestival.

Folkemusikkarkivet i Telemark hadde funne fram til eit knippe viser frå Telemark som saman fortel historier om lukkeleg og ulukkeleg kjærleik. På programmet sto til dømes Visa om Margit Hjukse frå Sauherad, i arrangement av Eivind Groven frå 1964, for blanda kor, solistar og hardingfele. Vidare visa om Sveinung og Astrid, på midttelemarks-dialekt, og Folkestadvisa, som har blitt knytt til biskop Halvor Folkestad frå Bø. Folkevisekoret song - eller "tulla" - Møllargutens bruremarsj,  eit arrangement etter Edvard Grieg si bearbeiding av slåtten.  
Folkevisekoret danna grunnstamma i forestillinga i samspel med solistar og musikarar.  
Grete Sele og Rolf Lie vil instruera, medan Roar Klever Bøye var regissør for framsyninga.


Fordjupingsprogram i folkemusikk

Dette er eit kursopplegg for ungdom i regi av Telemark folkemusikksenter og Bø kulturskule. Det starta opp skuleåret 2015-2016, og har sidan blitt vidareført.

Mål med opplæringa er å
•    gje motivert og talentfull ungdom systematisk opplæring innan folkemusikk og -dans
•    stimulere ungdom til å utvikle eit godt fagleg samarbeid og sosialt fellesskap på tvers av kommunegrenser
•    gje unge utøvarar vidaregåande opplæring i spelteknikkar og samspel
•    bli kjent med tradisjonsmusikken/-dansen gjennom systematisk opplæring og utøving
•    få erfaring i framføringar på ulike arenaer og i ulike konsertformer
•    førebu ungdommar til høgre utdanning innan folkemusikk/-dans.

Fordjupingsprogram i folkemusikk- les heile saka