Vedtekter for Telemark folkemusikksenter

§ 1    Organisasjonen
Telemark folkemusikksenter er ein partipolitisk uavhengig interesse-, kompetanse- og samarbeidsorganisasjon for folkemusikk og -dans i Telemark og Agder. Organisasjonen er stifta i 2015 og har kontoradresse Bø i Telemark.

§ 2    Formål og oppgåver
Telemark folkemusikksenter skal arbeide for å leggje forholda til rette for dei som driv med folkemusikk og -dans i Telemark og Agder. Organisasjonen skal spreie kunnskap om feltet, bidra til aktivitet, utvikling og synleggjering og stimulere til samarbeid mellom aktørane.
Sentrale oppgåver for senteret:

  • drive kompetanse- og utviklingsarbeid retta mot artistar og arrangørar
  • yte service og bistand til bransjen og offentlege og frivillige aktørar
  • produsere og distribuere  konsertar innan folkemusikk/folkedans
  • formidle musikartenester
  • etablere og drive ein folkemusikkutøvarbank
  • etablere og drive eit arrangørnettverk i regionen
  • arbeide for rekruttering av unge utøvarar, og talentutvikling
  • stimulere til aktivitet innan folkemusikk og folkedans
  • arbeide med å ivareta instrumentmakartradisjonar

§ 3    Medlemskap
Organisasjonen er open for verksemder innafor folkemusikk og -dans som har eit regionalt nedslagsfelt, som har adresse i Telemark/Agder, og som sluttar seg til formålet til organisasjonen. Aktiviteten kan vere innafor utøving, opplæring eller formidling, og både profesjonelle og frivillige aktørar kan vere medlemer.
Søking om medlemskap skal skje skriftleg, og søknaden blir handsama av styret.

§ 4    Årsmøte
Årsmøtet er det høgaste organet til organisasjonen og skal haldast innan utgangen av april kvart år. Styret kallar inn til årsmøtet med minst ein månads varsel. Framlegg til saker som skal opp på møtet må vere sendt styret seinast to veker før. Fullstendig saksliste må vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet.
Alle som er registrerte som medlemer ein månad før årsmøtet, har stemmerett og kan bli valde til tillitsverv. Kvar medlemsorganisasjon kan stille med to representantar med stemmerett på årsmøtet. Ved avstemming kan ingen av dei frammøtte representere meir enn ein aktør.

Dagsorden for årsmøtet
1.    Godkjenning av innkalling og sakliste
2.    Val av møteleiar, referent og protokollunderskrivar
3.    Årsmelding
4.    Rekneskap
5.    Innkomne saker
6.    Handlingsprogram
7.    Kontingent
8.    Budsjett
9.    Val av leiar, nestleiar, revisor og andre funksjonar etter behov

Val skal skje skriftleg når det finst fleire framlegg, eller om nokon krev det.


§ 5    Ekstraordinært årsmøte
Styret kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte dersom eit einstemmig styre eller minst ein tredel av medlemene krev det. Det skal kallast inn med minst fire vekers varsel. Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame dei sakene som er sett opp i innkallinga til møtet.

§ 6    Styre
Styret er sett saman av ein representant frå kvar medlemsorganisasjon. Medlemsorganisasjonane utnemner sjølv representanten til styret og ein varamedlem. Tilsette i organisasjonen kan ikkje sitje i styret. Styremedlemene er normalt utnemnde for to år om gongen. Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og minst halve styret er til stades. Ved likt stemmetal har leiaren dobbeltstemme.
Styret skal:

  • leie Telemark folkemusikksenter i perioden mellom årsmøta
  • setje i verk vedtak gjort av årsmøtet
  • tilsetje personale i samsvar med vedtak og behov, og utarbeide stillingsinstruksar
  • opprette utval som styret finn nødvendig
  • representere organisasjonen ved aktuelle høve
  • administrere og føre kontroll med økonomien til organisasjonen


§ 7    Vedtektsendring
Endringar i vedtektene kan berre skje på årsmøte, og det krevst 2/3 stemmefleirtal.


§ 8    Oppløysing
Framlegg til oppløysing av organisasjonen kan berre handsamast på ordinært årsmøte, og vedtak om oppløysing krev 2/3 fleirtal. Blir oppløysing vedteke, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte tre månader seinare. For at oppløysing skal skje, må vedtaket gjentakast her med 2/3 fleirtal. Samanslutting med annan organisasjon blir ikkje rekna som oppløysing.
Ved oppløysing skal årsmøtet disponere midlane i organisasjonen etter formålsparagrafen.


/share/mime/48/pdf.png Vedtekter Telemark folkemusikksenter
(vedtektertfs2018.pdf, 55kB)