Næringsfondet i Bø

løyver kr. 100.00 til etablering av eit kompetansesenter for folkemusikk og –dans som har fått namnet Telemark folkemusikksenter.

Bø kommune hadde sett av kr. 100.000 til forarbeid til ein landskappleik i Bø i 2018  som var tenkt som  130-årsjubileum for den første kappleiken i Bø i 1888. Då Bø ikkje fekk tildelt dette arrangementet, vart denne avsetninga (etter søknad) tildelt som etableringsstøtte til  det nyoppretta Telemark folkemusikksenter. Kommunen har signalisert at det kommunale aksjeselskapet Norsk Hardingfelesenter vil samarbeide tett med og gå inn som ein av fleire regionale  samarbeidspartar i det nye folkemusikksenteret.