Telemark folkemusikksenter – Sørnorsk senter for folkemusikk og -dans

blei etablert i 2015 som ein regional samarbeidsorganisasjon for folkemusikk og -dans i Telemark og Agder. Det skal vere eit ressurssenter på folkemusikkfeltet, som skal rette arbeidet både mot den frivillige og den profesjonelle sektoren. Senteret ønsker å bidra til at folkemusikarar og -dansarar kan leve og arbeide i vårt distrikt, men også yte hjelp til frivillige aktørar og arbeide med rekruttering, talentutvikling og variert aktivitet elles. Vidare skal senteret arbeide med dokumentasjon og formidling av felemakartradisjonane i distriktet. Den overordna målsetjinga er å sjå heile folkemusikkfeltet i samanheng og stimulere til aktivitet på alle nivå. 

Vi arbeider med å finansiere ei stilling som dagleg leiar. Inntil det er på plass, er drifta i hovudsak avgrensa til enkelte faste tiltak. Vi formidlar kvart år to konsertturnear i regionen med utøvarar frå vårt distrikt, og vi har, i samarbeid med Bø kulturskule, ansvar for eit fordjupingskurs i folkemusikk og -dans for ungdom.

 

Besøk oss

Telemark folkemusikksenter
Gullbringvegen 34
3800 Bø i Telemark